torsdag 21. februar 2008

2. Dear Jane -dugnaden

10. februar hadde klubben den 2. dugnadenDear Jane-lappane, som no etter kvart er blitt forvandla til nydelige tepper.
1. dugnadshelga vart det sydd saman fleire toppar, så denne helga var det quilting og lukkekantar som stod på programmet. Ingun var der med quiltestativet sitt, og fleire fekk prøve kor effektivt dette fungerte. (Dette stativet er det mogleg å leige i butikken hennar)

Desse bilda er lånte frå ElinG sin blogg, ho skriv også at slike dugnadar er både kreative og sosiale.
Så til dei det ikkje passa for desse gongane: det kjem nok fleire sjansar, og kanskje tek de initiativ sjølve til noko, enten til ein slik fellesdugnad eller ein "gjere -ferdig- til- seg -sjølv- dugnad -i -lag -med -andre -i- same- båt"

Ingen kommentarer: