mandag 31. mars 2008

Regionstreff



Det imponerande Dear Jane teppet som Hanne har sydd!





Dette bildet og dei to under kan du forstørre ved å klikke på det.


Ein treng ikkje å sy kjempestore tepper.... plukk ut det du likar og sett sammen og lag det du vil oppfordra Hanne oss til.


Søndag 30. mars arrangerte vi eit vellukka Regionstreff for Sogn og Fjordane. Klubben vår har jobba med temaet Dear Jane sidan hausten 2007, og til treffet var vi så heldige å få Hanne Schneider til å holde foredrag om dette. Ho er kanskje den i Norge som veit mest om Dear Jane, og ho hadde med seg imponerande arbeid som ho fortalde om. Virkelig ei inspirerande dame, ho gløda skikkelig for saka!!!




Besøk gjerne bloggen hennar, den finn de HER.




Over hundre tilhøyrarar i salen fekk truleg ei positiv oppleving denne dagen.



Klubben sine dugnadstepper vart lodda ut, og vi såg 3 kjempeglade vinnarar motta teppa seinare!



Alle medlemmane stilte med kake til kafeen, denne får ein vel seie TOK KAKA!!! Dotter til ein av medlemmane har laga denne, eit fantastisk syn!
Nokre smakebitar frå utstillinga, det kjem meir bilder seinare.




Her var mykje flott kunst!!!

Ingen kommentarer: