søndag 4. oktober 2009

Hilde inviterer til hyttetur!

(bildet er frå blåturen 2009 til Kalvåg og hytta til Hilde)
Eg vil med dette invitere til ein sosial hyttetur for medlemmane i lappeklubben,
helga 23. – 25. oktober.

Hytta mi ligg på Liset, vest for Kalvåg, i Bremanger kommune.

Fredagen tilbringer vi på hytta med medbrakt handarbeid, god mat og god drikke. Laurdagen skal vi sy maritim handarbeidspose mellom kl 1100 og 1700 (har leigd eit lokale i Kalvåg).

Om kvelden et vi eit betre måltid på Knutholmen, og er sosiale til langt ut i dei små nattetimar. Søndagen et vi god frokost, skvaldrar og syr, før vi reiser heim utpå ettermiddagen ein gong.

Eg har plass til maks 10 personar + 3 personar i bobilen til Aud. Nokon får ligge i gode senger, medan andre blir installert på sofaer og madrassar. Sengetøy eller sovepose må du ta med.

Når det gjeld mat, så må dette bli eit spleiselag. Eg ordnar med planlegging og innkjøp, og gjestane betalar. Antar at ca kr 300 pr person burde holde + middagen på Knutholmen. (så kjem leige for sylokalet i Kalvåg i tillegg).

Til syinga på laurdagen må du ta med:
Symaskin, skjæreutstyr og vanlige sysaker
Ytterstoff 0,3 m
Fôrstoff 0.6 m
Vliselin 0.3 m
Bomullsvatt 0.4 m
Viledon 0,2 m
Rødt, blått og beige stoff 0,2 m av kvar

Velkommen til ei trivelig helg på hytta.
Håper at mange har lyst til å være med!
Påmelding seinast 12. oktober til Hilde Iren Elvebakke på tlf 915 58 367

Ingen kommentarer: