tirsdag 6. april 2010

Sylaurdag!

Minner om at laurdag 10. april så har vi sylaurdag igjen. Lokala er opne mellom kl 10 og 18 og vi håpar mange vil komme og ha ein kjekk sydag i lag.

Ein tek med seg det ein har lyst til å sy på, td. gjere ferdig nokre UFO-ar........, få hjelp og tips frå andre, eller kanskje starte på nye prosjekt???

Vi prøver også med nokre få innslag denne gongen:
  • Torunn viser oss tips om lukkekantar,.... rundt kl 12 ein gong????

  • Mange har sydd dei søte små Myntpungane som vi har sett i bloggen til Timotei, men for dei som ikkje har prøvd enno, så skal vi kanskje prøve oss på denne modellen i lag??Desse fine pungane viste Elin oss i desember. HER finn du mønster og framgangsmåte. Ta med deg det du treng av vatt, stoff, glidelås, for det vert truleg ikkje butikk der denne gongen. Skulle vi mangle noko ,så har vi no veldig kort veg til våre to flotte quiltebutikkar!!

Klubben syter for kaffi/te, niste tek du med sjølv.

KJEM DU??

Ingen kommentarer: