lørdag 30. oktober 2010

Snart klubbmøte igjen!

Oktober månad går mot slutten, og då er det like før vi møtast igjen. Reknar med at mange gleder seg til å få ny inspirasjon og mykje arbeidsglede på møtet!!
Vi i styret håpar at alle medlemmane trivast på møta vi lagar til, men mykje av trivselen er også opp til deg sjølv. Vi er mange på møta, og saknet etter å også kunne sy på maskin er der også. No prøver vi oss med eit lite syhjørne, det blir nok trangt om plassen så vi må rullere litt. Men som dåkke veit,..der det er HJERTEROM, der er det plass til alle!!
På kvart møte legg vi opp til ein liten aktivitet eller demonstrasjon, og dette året har vi også hatt kalendaren som tema. Difor håpar vi at du på møtet er aktiv med nål og tråd på eitt eller anna vis, du har kanskje med deg eit lite stitchery, ein lukkekant å falde, handquilting ol. Desse små men enkle tinga vi kan gjere på, er med på å inspirere andre på møtet, og det vert ein eigen kos i eit slikt "syfellesskap".
På komande møte har du mange alternativ til syaktivitet:
  1. Du har med deg noko sjølv.
  2. Du har med nål, moulinegarn, ramme, tynn tusj, stoff og vatt og er klar til å brodere/applikere på kalenderblokka for November. Mønster finn du på Kalenderbloggen som du kan printe ut sjølv, eller du får det på møtet.
  3. Du kan delta i Hjerte-temaet, del 3. Her kan du delta med symaskin (ta med!!), men det er også mogleg å sy dette med hand,...med attersting. Info om dette kjem under her. Ta med deg td. litt røde og lyse stoffrester, Rasterquick med ruter på 1 cm, kulepenn og linjal.

HJERTER, del 3

Denne hausten har Torunn fokusert på å vise oss ulike teknikkar som vi kan bruke i quiltearbeida våre, td krympeplast og effekter det gir. Undertemaet har heilt tida vore forma Hjerte, og på komande møte er det også hjerte det skal handle om i lag med teknikken Papirsaum. No var det mange av medlemmane våre som gjekk på kurs med George Siciliano og sydde på små papirbitar, men det er nok nokre andre som gjerne vil lære dette òg. Godt då at vi har mange gode hjelparar på møtet!!

Torunn er på ferie når vi har neste møte, så Mariann blir Hjertevikaren. Den vesle blokka vi skal sy er ca 10 x 10 cm med eit lite hjerte i midten, og før vi byrjar på syinga, må vi tegne opp motivet på Rasterquick. Butikkane våre er informert, så dei som ikkje har Rasterquick sjølve, kan få kjøpt dette på møtet.

Då gjenstår det berre å ynskje alle velkomne til ei koselig systund på Stokkenes,.....medan det er mørkt ute og det regnar på ruta. Åååååå som vi skal nyte det!!!!

Ingen kommentarer: