søndag 7. november 2010

Desember-blokk


Den siste kalenderblokka er no på plass i Kalenderbloggen.
På siste møtet i klubben oppfordra underteikna ynskje om at ein må ta med seg alle ferdige blokker på julemøtet i desember. Difor er denne blokka lagt ut så tidleg, for kanskje nokon blir ferdige med denne òg?
Tanken er då å lage ei eiga "Vis og fortell"-utstilling for desse blokkene, då får ein sjå kor mange variantar ein får av same mønsteret.
Og til dei som ikkje er begynt enno: Her blir det nok mykje inspirasjon å hente.

Ingen kommentarer: