søndag 14. november 2010

Nostalgisk kurs

30. -31 oktober hadde vi kurs med Hilde Gunn Dammen frå Stord. "Min nostalgiske verden" heitte kurset, og det som vart laga stemmer godt med tittelen.
Mange flotte løparar vart laga, dei fleste kvite, men ein blå var også å sjå.



Det vart brukt linstoff til løper, blonder av ulikt slag vart brukt, bildeoverføring og stempling var det nye dei fekk lære i tillegg.

Kursleiar hadde laga mange av bilda sjølv, og dei fekk sjå kvar på internett ho fann mykje fine bilder. Sida heiter The Graphics Fairy .
Her kan ein finne mange flotte gratis motiv og skrive ut på eigen skrivar. Beste ark til å skrive ut overføringsbilder har eg ikkje info om, skal legge det inn her om noko er anbefalt.



Stempling på stoff var noko nytt for alle, og Hilde Gunn hadde med seg eit stort utval av eigne stemplar med fine motiv og tekstar. Stempelsverta er av vannfast type. Mulig den må fikseres med strykejern når den er tørr. Primula har no fått inn slikt utstyr og Ingun på butikken var med på kurset så ho kan gje deg gode råd. Stemplane kjem frå eit firma som heiter Stempelglede.


LYSPOSER




PUTER










Ingen kommentarer: