mandag 7. mars 2011

Lukkekant!

(bildet er frå bloggen Ritas handarbeid)

På siste klubbmøte no i mars, var temaet "Sying av Lukkekantar" og Torunn demonstrerte dette for mange interesserte. Ho hadde også laga eit flott oppsett med innsamla info om ulike måtar å sy lukkekantar på. Dette arket vart delt ut til medlemmane på møtet, men er det fleire av medlemmene som ynskjer eit eksemplar av dette, så kan du ta kontakt med Torunn eller bloggred. så får de dette arket på neste møte.

Under litt surfing på bloggar kom red. over eit innlegg med flotte bilder som viser sying av lukkekant steg for steg . Bloggen "Ritas handarbeid" hadde dette innlegget, har lånt bildet frå denne bloggen og HER kjem du til framgangsmåten.

Ingen kommentarer: