søndag 6. mars 2011

Matgilde på kurs!

Eit vellukka kurs med Bente Malm/"Postveska" er over, og alle 19 på kurs er truleg både mette og fornøgde med kurset!! For maken til samling av fristande rettar skal ein leite lenge etter. Ein var einige om at alle skulle ta med litt mat til kursdagane, men då alt stod framme, såg det meir ut som feiringa av alle VM gulla! Spekemat og laks, salatar, brødmat og godt pålegg stod på rad, og så litt søtt attåt. Vi hadde kursvert begge dagane, og det såg ut som kursdeltakarane sette pris på å bli bedne til festmåltid. Så takk til alle som gjorde kurset til ein minnerik helg! Og dagen i dag fekk ei flott avslutning for nokre av oss som stod med hovuda tett i hop over ein mobil med radio og vi fekk følgje siste innspurt på 5-mila! Hurra for ei flott helg og Northug sitt gull!!

Denne platekaka har Linda laga, ho har lova å sende oppskrift! Då kjem den her!


Betsy kom med desse fristande rullane, dei er laga slik:
  • Tortillalefse
  • Eit lag med snøfrisk
  • Ruccolasalat
  • Eit lag med spekeskinke
  • Rull sammen og kutt i bitar.
Her var det ein gong ein spesiell rett som likna på kabaret, og som de ser så var den god, for den er borte vekk! Solfrid har laga den.
Slik lagar du den:
  • Til ei stor brødform treng du:
  • 2 pk sitrongele, bruk litt mindre vatn enn det som står på pakken.
  • Finraspa gulrot
  • Ananasbitar frå boks!
  • Epler i bitar
  • Framgangsmåte: du treng ikkje å ha gele i botnen på forma. Legg lagvis raspa gulrot, eplebitar og ananas, slå geleen over,(litt avkjølt)
    Då - er det berre å vente .

Makaronisalatar i fleire skåler,..."heilt vanlig salat", sa Aud S!
Omtrent slik lagar ho den:
  • Makaroni
  • Skinke
  • Sylteagurk
  • Mais
  • Majones og rømmeblanding
  • Litt saft frå maisboks
  • Litt sitronsaft
  • salt og pepar

Nokre salatar hadde også eple og purreløk i.

Her er Haldis sin salat:

  • 5 dl makaroniskruar
  • 1 bx bogskinke
  • 1 bx ananas i biter m/saft
  • 1 purre
  • 1 bx mais
  • litt druer

Dressing:

  • 1 bx rømme
  • 1 pk majones
  • litt ananassaft?
  • pepar?

Til slutt ei etterlysing frå ein kursdeltakar:

Ho saknar eit nøkkelknppe med ca 3 nøklar på, har nokon funne dei blant stoffa sine, så ta kontakt med bloggred. snarast!

Ingen kommentarer: