lørdag 2. april 2011

Vårlig klubbmøte!

Det er april, og så snart som vi blar om kalendaren til ein ny månad, ja så kjem klubbmøtet vårt like etter! Komande tysdag 5.4 er det igjen tid for å møtast til felles "kos og inspirasjon". For no er vel snøen borte og vi kan sjå mot meir sommarlege aktivitetar og motiv???Temaet denne gongen er som bildet viser, "Buggy Barn Sommarfugl". Mange har både sett og høyrt om den før, men no skal vi gå grundigare til verks. Dei som ynskjer det, vil på møtet få utdelt mønster til denne fine blokka. Tanken bak det heile er at du skal få lære korleis ein kuttar og syr den, slik at du kan bidra med å sy slike blokker til prosjektet vårt "Tepper som varmar". Og så syr du gjerne nokre blokker til deg sjølv òg då sjølvsagt..... Planen er då at vi skal tegne av mønsteret på frysepapir, og så lære å kutte opp stoffet, for så å mikse fargane så det vert klart til samansying. Det vert også tips om korleis ein best oppbevarer dei kutta blokkene slik at dei ikkje "går i surr" før du skal sy dei. Vi skal ikkje ha maskinsaum på møtet, så ta gjerne med deg eit anna "handsyarbeid" i tillegg. Vi startar med å bruke gratisstoffet som vi har fått til prosjektet frå Olaugs Quilt, men om nokon også vil starte å kutte opp til seg sjølv, er det også høve til det. Dess fleire stoff, dess fleire flotte blokker får vi sjå! Det du treng å ha med er:

  • Blyant, linjal og papirsaks

  • Skjæreutstyr

  • Stoff med minstemål 40x45 cm om du vil kutte eigne blokker

  • Knappenåler?

  • Eit laken eller eit stort stoffstykke dersom du har med eigne stoff til kutting.

Du vil få eitt ark frysepapir av klubben, men treng du mykje, så bør du ta med til eige bruk.

Ingen kommentarer: