onsdag 22. juni 2011

Eit lite quilteeventyr.....

Vi quiltarar har det ofte eventyrleg, vi reiser i opplevingar og flotte synsintrykk. Og når vi finn fine stoff i quiltebutikkar, så kjøper vi dei ofte impulsivt, for vi er akkurat som Askeladden som seier "Eg fann , eg fann!" og til seg sjølv: "Det er kjekt å ha, det kan komme vel med ein gong..." Men innimellom når ein tenkjer litt attende over ting som har skjedd, så er vi ofte med å skape våre eigne eventyr.
I siste nr av Norsk Quilteblad s 44 finn de eit lite eventyr frå virkeligheita, skrive av underteikna. Før nyttår fekk klubben vår ei henvending frå Norsk quilteforbund om vi ville skrive litt om prosjektet vi hadde gåande i klubben med Kalenderblokker og Kalenderbloggen vår. Vi tok imot utfordringa og sende inn tekst og bilder av arbeid som medlemmane har laga. No er dette kome på trykk og fine bilder er sett inn på sidene. Det er Elna som har laga dei 12 blokkene over teksten, dei 4 andre har eg ikkje eigarnamn på enno.(ta kontakt om eg skal setje inn namnet ditt) Så takk til alle medlemmane som engasjerte seg og deltok, og viste fine arbeid til fotografen. Eg tek gjerne imot fleire bilder av blokker som eg kan legge ut på Kalenderbloggen!
Teksten til eventyret skal eg også legge ut der, slik at dei som ikkje har bladet, får lese eventyret om oss! HER er link til teksten.

1 kommentar:

BenteOO sa...

Fint prosjekt og fin artikkel!