lørdag 12. november 2011

Heimebesøk!


Som bloggred. har ein som oftast kameraet i veska same kvar ein er. Denne veka vart det eit besøk hos Reidun, ein av medlemmane i klubben vår. På forige klubbmøte då vi ma. fekk servert natronkaker, då sa Reidun at oppskrifta på dei gode natronkakene, hadde ho brodert inn på eit "kaffi-veggteppe". Ein god idè til andre gode oppskrifter også!!Dette fargerike sommarfuglteppet fanga også fotografens merksemd!Takk for "Vis og fortel" i heimen din Reidun!!

Ingen kommentarer: