fredag 4. januar 2013

Scrappyquilt!

Under innlegget "Året som gjekk" frå 1. jan i år, vart det skrive om det kjekke kurset  "Resteteppe" vi hadde med Nancy Eriksen i januar i fjor. Der erfarte vi at ved å bruke dei "umulige stoffa" i lag, uansett farge, så kunne det skapast flotte quiltar. Og ikkje minst, ein får brukt opp desse stoffa som går ut på fargedato!

Under litt nettsurfing så dukka det opp ei side hos Quiltville.com med tepper som var laga av akkurat slike umulige stoff. Det nye her var at dette var ein Bargelloteknikk, Trip around the world! Vi har sett mange tepper i denne teknikken, men aldri før har underteikna sett eit så rotete, men så fint teppe i denne teknikken.
Slike restetepper ser så mykje "lystigare og gladare" ut enn dei som er nøye planlagde. Kanskje ein til og med kan påstå at slike tepper har sjel, iallefall har dei nok mange minner om ein brukar av dei vellagra stoffa som aldri har blitt brukt! Ikkje rart fargane då blir glade for å komme ut av skapet!!!
HER kjem du til sida  med bilder av tepper og flott beskrivelse av framgangsmåten til eit slikt teppe. 

Her er det sydd saman striper i heilt ulike fargar, men som samansydd, kutta og samansydd igjen får ein flott skrå stripeeffekt. 

Dei fleste teppa er sydde av stripesett på 5 eller 6 striper. Kikk nærare på sida så ser ein skilnaden på storleiken på blokkene.

Her ser det ut som det er  brukt stripesett med 5 striper. Det øverste teppet  på innlegget har stripesett på 6 striper.

Har også oppdaga at quiltaren bak A quilting Life også har oppdaga akkurat denne sida med Scrappy-quiltar. HER kjem du inn på innlegget datert 3.1 13, men det ser ut som at her er det brukt heilt nye stoff.
Bildet er frå bloggen til A Quilting Life.

Ingen kommentarer: