mandag 11. mars 2013

Eit vellukka årsmøte

Ein god start på dagen er viktig, og med ein så god start som årsmøtefrukosten på Nordfjord Hotell, så måtte det berre bli ein god dag!
Bildet over fortel vel alt, her vart det ete det meste ein hotellfrukost kan by på, og det hopa seg opp litt fat etter kvart!
Og då ein vel var mett og god, og det framleis var att tid før årsmøtet starta, så kan ein vel ikkje sitje i ro med hendene i fanget??
Her vart det falda lukkekant og eit par tepper inspirert av Arne og Carlos vart det strikka litt på.
Dette må då vere ein perfekt morgon??

Om lag halvparten av medlemmane møtte fram og var aktive i dei ulike sakene som vart tekne opp.
Det var to som gjekk ut av styret; kursleiar Siv Smørdal og Kursmedhjelpar/sekretær Inger Lise Strand. Dei vart takka for god innsats for klubben, og fekk kvar sin nydelege blomsterbukett,....som bloggred. og fungerande leiar då gløymde å ta bilde av!

Det nye styret ser slik ut:

Anne Marie Holsvik, leiar
Mariann L. Hatlenes, nestleiar/bloggred/bibliotek
Laila U. Piel, sekretær
Laila Brekke, kasserar
Torunn F, Utnes, infoansvarleg
Ingun Vaksdal, kursleiar
Grete Midthjell, kursmedhjelpar
Berit Jakobsen, materialforvaltar

Revisor:
Ingebjørg Utnes
Ingrid Myklebust

Valnemd:
Aud Torheim
Wenche Svoren
Kari Tellevik

Etter årsmøtet var det kurs med Hilde Lien, bilder kjem i eit seinare innlegg.

Ingen kommentarer: