fredag 10. mai 2013

Katedralvindu

Katedralvindu er ei kjend blokk, og den finst i ulike variantar. Den er også kjend som Japansk bretteteknikk. Det er ei stund sidan vi sydde denne blokka i klubben, då var det handsaum vi brukte.
I eit innlegg tidlegare i vår er det bilde av denne fine nåleputa Haldis har laga, la også ut ein link ved sida av bildet då. Det er brukt maskinsaum på denne, men det er ikkje så vanskeleg som det kan sjå ut til.

Men denne blokka er så dekorativ at den fortener eit eige innlegg.

Bilder som er brukt her i innlegget er henta frå søk på Google.



PÅ denne bloggen, My go-go life, er det steg-for-steg-bilder av korleis du syr denne nåleputa. Den er kun på engelsk, men med svært detaljerte bilder og oppgitte inchmål, så er den enkel å følgje. Ein annan metode finn du her på Diary of a quilt maven.









I klubben har vi også prøvd oss på likannde teknikkar. Det er fleire måtar å lage desse katedralvindauga på, og basisforma som du ser under her, kan brukast på mange måtar. Her har Bente  med bloggen Bentes Hobbyrom laga seg eit nålebrev av to blokker.
 HER kjem du til Bentes innlegg.
 Japansk bretteteknikk hadde vi som tema på eit klubbmøte i fjor, HER kjem du til dette innlegget. Vi har også kjøpt ei bok som heiter Flower origami, denne fekk vi tips om då vi var på blåtur til Vikebukt og fekk lære dekorative blomsterblokker av Magnhild Tautra. HER er innlegg om denne turen.

1 kommentar:

annemarlen sa...

Nordfjords L o Q.s blogg är riktigt trevlig och inspirerande att besöka.
Återkommer gärna.

Anne-Marlen