søndag 18. august 2013

Drivhusmesse!!

Det nærmar seg årets store arrangement i klubben vår!!! No er det under ein månad til vi skal arrangere det vi har kalla salsmessa vår for : Drivhusmesse! 14. og 15. september er datoane!
Vi har i to år arrangert Låvemesse i Leivdalen med stor suksess, men for å ikkje gjenta oss sjølve til det vert litt kjedeleg, så vil vi år prøve noko nytt.
I vinter dukka det opp eit tilbod om å få bruke lokala i eitt av drivhusa til Hildenes Gartneri på Nordfjordeid.

 Heile tida fram til sommaren er over bugnar drivhusa av egenproduksjon av blomster, men i september er der tomt, nyvaska og klart for ny produksjon litt seinare.

Dette tykte vi var veldig spennande, og når vi legg salsmessa vår til helga det også vert Eidamesse, så vert det eit yrande liv både i gata og sikkert i messeområdet vårt!! Vi vil gjerne vise folk i regionen vår kva vi held på med i klubben vår, og når vi har dei to quiltebutikkane våre Primula Design og Lappestua berre eit par hundre meter unna, så er også vegen kort frå inspirasjon til innkjøp!!!


Det vert mange flotte arbeid til sals inne i drivhuset, noko vil henge ned frå taket og noko vil ligge på drivhusborda. Her finn ein alt frå småting som toalettvesker, kuvertbrikker, vesker, til strikkavarer, flotte lokalt designa og produserte barnekle og til større ting som bordløparar, veggtepper og sengetepper.

Vi håpar også at mange får med seg det flotte lotteriet vårt, her er mange gevinstar som td. dugnadsarbeid i klubben som har resultert i ein nydeleg "Dear Jane"-løpar 


og ei Baby-Born dukke med stor klekolleksjon og fullt utstyrt seng.


Meir info om Drivhusmessa vår vil komme her på bloggen, vi kjem til å få med ein reportasje i Regionavisa når datoen nærmar seg og vi håpar også at lokalavisa vår Fjordabladet vil skrive litt om salsmessa vår i forkant. Om nokon treng meir informasjon om arrangementet, så er dei fleste i styret tilgjengelege på sms og epost no framover.

Ingen kommentarer: