søndag 13. oktober 2013

Vestlandstreff!!

Gratulerer medlemmer og velkomne til quiltarar!

Som de nok skjønar, så har klubben vår fått tildelt Vestlandstreffet 2015!  Dette er eit treff hovudsakleg for quiltarar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Ein brukar å ha tilbod om mange kurs, foredrag og festleg samvær. Akkurat no går årets treff føre seg i Molde, og i går vart det klart at det blir på Nordfjordeid om 2 år! Vi har arrangert dette treffet to gongar tidlegare; i 2000 og 2006, så det er vel på tide å invitere til vakre Nordfjord igjen!

Nordfjord er i dag like vakker som bildet viser, så dei som ikkje har vore her før, bør kanskje ta oss med i 2-årsplanen sin!

Vi i NLQ brukar å seie at vi bur i eit Quiltemekka, for i den vakre gata vår har vi 2 QUILTEBUTIKKAR!!!  I "tøffelavstand"!!! Og det er to ulike butikkar når det gjeld stoffutval, og begge eigarane er dyktige quiltarar.

Lappestua har eigenimport av flotte stoff frå USA og der er også eit fantastisk utval av knappar!

 Primula Design har også eit flott stoffutval, og i kombinasjon med interiørvarer som også er i butikken, så kjem  både modellar og lekre stoff til sin rett.
 "Snopekroken" her fristar oss kvar gong vi kjem inn!!

For nokre veker sidan skapte vi vår eigen Quiltebil i samband med ei salsmesse. Vi kan desverre ikkje love dykk turar i denne bilen når vi startar arrangementet vårt om to år, men i den vesle "fjordbyen" vår er det korte avstandar til mange kjekke opplevingar.
Med dette ynskjer vi i klubben vår quiltarar frå fjern og nær velkomne til Nordfjordeid om to år, og vi set pris på å få kontakt med både "gamle" og "nye" quiltarar. Har nokon spørsmål, så er det berre å ta kontakt med nokon i styret eller bruk kommentarfeltet i bloggen her.

1 kommentar:

Modliv sa...

Eg gleder meg alt! Var på første VT på Nordfjordeid, og det var helt supert. Neste gang det var VT på Eid, var samme helg som mi gudddotter gifta seg, så det gjekk eg glipp av, dessverre.
Lykke til !