søndag 3. november 2013

Novembermøte!!!

Vi er snart klare for novembermøtet som er tysdag 5.11, og dette håpar vi skal bli eit spesielt møte!

Denne kvelden kallar vi Tilda-kveld! Vi har invitert Karen Grov frå Sandane, ho er ei av dei som verkeleg har fordjupa seg i Tilda-serien. Ho har laga mange ulike dukker som ho vil vise oss, HER kan du sjå frå då ho viste fram i Gloppen Lappe- og quilteklubb i vår.


Alle bilda i innlegget er henta frå Googlesøk.

  • Karen vil vise oss ein del modellar ho har laga.
  • Ho vil vise oss litt praktiske tips når du skal få til desse dukkene, td. korleis ein stappar desse lange og tynne kroppane.
  • Korleis ein brukar sminke for å få fram ansikta og vi håpar også å få tips om hårfrisyrar.
  • Butikken "Ronny rør" på Sandane har ein del Tilda-utstyr for salg, og Karen kjem til å ha med seg litt utstyr til sals.
  • Klubben har nokre Tildabøker, Karen tek også med seg bøker og aktuelle mønster til både saum, stitchery og applikasjon.
Planen for kvelden er slik:
  • Når Karen er ferdig med inspirasjonsinnlegget sitt, så håpar vi at mange har lyst til å lage noko Tildarelatert. Det er fint om du tenkjer litt på dette no i forkant, gjerne googlar litt og ser kva du finn på nettet. På DENNE bloggen finn du mykje Tilda stoff. 
  • Det vert høve til å bruke symaskin, så her kan du lage dei figurane du vil!
Ta med deg:
  • Symaskin??
  • Vil du sy stitchery, så tek du med utstyr til dette.
  • Applikere? Ta med tråd, vlisofix og stoff.
  • Lage figurar: Karen tek med hudstoff og litt Tildastoff for salg. Ho tek også med vatt om du ikkje har sjølv. Stoff og blonder til kle, kanskje knappar og trå som passar til hår?
  • Karen foreslår også applikasjon på småting, td. å lage småpresangar som td. Lavendelposar.

Her er litt inspirasjon henta frå Google:







Tilda er også velkjend i utlandet, her er ein "Kakeengel" frå bloggen til Las Tildas de Arime i Spania, gjer eit besøk her, for her er det mykje lekkert å sjå!!!
(psst! bloggred. har lyst å sy ein slik, er det fleire som vil det???)

Då håpar vi på at dette skal bli vellukka inspirasjon til oss. Og om du berre vil sjå på, så ta med deg eit anna syarbeid denne kvelden!

Denne kvelden vert det også påmelding til Julekurset v/Ingun Vaksdal. Dette kurset går 23. og 24. november. Om du ikkje kjem på møtet, kan du mede deg på ved å kontakte Ingun.

Vi håpar også at vi vil få sjå MANGE arbeid på "Vis og fortel", vi oppmodar faktisk til at de tek med dykk rikeleg denne gongen. Årsaka er at det vil komme journalist på møtet, og då er det kjekt at det fløymer av flotte quiltar!!!

Velkomne til både "gamle" og nye quiltarar!!



Ingen kommentarer: