tirsdag 24. juni 2014

Ei sommarveske......

Denne flotte roseveska dukka opp her ein dag, på bloggen til Ullas Quiltworld. Skikkeleg sommarleg med ei bord med roser øverst.

Kikk no på desse rosene,..... er det nokon av dykk som var på junimøtet som ser noko kjent her??

Akkurat ja! Det er ei bord med rosene som vi hadde som tema på møtet!


Her er to roser som vart laga på møtet, kjempefine!


 Desse to har Torunn laga som modellar til junimøtet.

Under her ser du kor fint det kan bli med fleire roser på rad!

Det er ikkje mønster til Ullas veske, men der ligg framgangsmåten som ho har brukt til sine roser. Den overste delen av framgangsmåten er om du skal lage "roser i eit kvadrat" som du kan bruke til veska. Den nederste delen er 6-kantar slik vi gjorde det.

Lykke til om du vil prøve deg på dette!

Ingen kommentarer: