tirsdag 17. juni 2014

Glasbrikke!

Starta du ikkje på sommarløparen i går?? Då kan du kanskje sy deg ei lita glasbrikke på ca 10 x 10 cm??
På same bloggen som det var linka til i går, Bee in my Bonnet, er det også lagt inn nokre TUTORIAL (sjå øverst under headingen der). Tutorial er på godt norsk ei oppskrift, her framstilt med både tekst og bilder frå start til ferdig produkt.

HER kjem du til oppskrifta som er på engelsk.

Denne glasbrikka er sydd på ein enkel måte, og du kan gjerne forstørre måla slik at du kan bruke det til tepper ol. også.

Du startar med to kvadrat som du legg oppå kvarandre, og merkjer opp to diagonale striper, 1/4 inch ut frå midtdiagonalen. Det er på desse oppmerka stripene du skal sy, og deretter skjer midt mellom.


Saumen må du stryke ut, deretter merkjer du på nytt opp motsett veg slik bildet viser. Når du no skal legge eit anna samansytt kvadrat under, så må du ha sydd slike av fleire ulike stoff så du kan få 4 ulike stoff i den ferdige brikka.
Vær nøye med at saumane ligg oppå kvarandre!

Del igjen midt mellom saumane!

No skal du reinskjære, legge under tynt vatt og lage til bakstykke som stikk ca 3/4 inch fram om kanten.
Brett inn 2 gongar og sy, her er det gjort med maskin, men handsaum går vel like bra!

Då er det berre å leite fram sommardrykkjen og nyte arbeidet ditt!

Ingen kommentarer: