mandag 13. oktober 2014

Vestlandstreff i Florø

Då er årets Vestlandstreff i Florø over, og vi som var der er nok veldig glade for at vi tok turen. Kjekke og inspirerande dagar, med mykje nyttig å lære og mange butikkar å fråtse i. Takkar arrangøren der for eit flott gjennomført arrangement, no er det klubben vår som skal førebu neste års arrangement.

Bloggred. har fått lov å legge ut bilder frå arrangementet der, så her er nokre smakebitar frå utstillinga og kurs.



 Over her er frå kurset med Frøydis Myhre, her gjekk Kari M. R. og ho heldt på med dette bildet i stoffmosaikk då eg var innom og såg.
 Dette bildet er laga av ein kursdeltakar, Nina Vestgård Slåtsveen(eit liknande bilde ligg også på Quiltesiden på Facebook) . Ho gjekk på kurs med Anne Beier Finnestad, der gjekk også Signy Alise, så vi får nok sjå nærare på teknikken seinare! Vil også ta med her at dette kurset får medlemmane våre tilbod om til våren! For dette blir årsmøtekurset vårt! Så berre gled dykk! Under her viser "grunnarbeidet" til bildet, stoffmaling!




 Dette er lotteriet på bok som var trekt søndag. Og om eg ikkje huskar feil, så vart det iallefall 6 gevinstar som gjekk til våre medlemmer!

Takk til Quiltegruppa i Florø, dette var kjekt!

Ingen kommentarer: