fredag 12. desember 2014

12. desembersydag!

Hexagon er noko vi har jobba ein del med i klubben, både med linjalar og symaskin, men også med handsaum. Vi har nyleg hatt kurs med Bente Malm der mange sydde hexagon på "Småsaker til sydamen".

Her er ein liten krans som du kan lage på ei lita kveldsøkt, og er du usikker på korleis du gjer dette på luraste måte, så må du sjå på linkane.

Denne kransen finn du på sida til kanadiske Sewsisters , der ligg det steg-for-steg framgangsmåte. Om du ser på storleiken, så vert denne kransen litt stor som pynt i juletreet. Men då er det berre å bruke mindre malar.

Det passar kanskje godt med malar på rundt 1 inch til ein liten krans, og har du ikkje ferdige malar, så kan du skrive ut frå nettet. Mange plassar kan du finne malar til å skrive ut, søk på orda hexagon, inch og storleiken du er ute etter. HER er eit 1 inch ark du kan skrive ut og lime på tynn papp, gode og gratis malar! Stikkord i søk på internett er "1 inch hexagon", endre på talet om du vil ha større, og om du brukar ordet "printable", så kjem det sider som kan skrivast ut. prøv deg fram, det finst mykje gratis på internett!! HER er ei side du finn mykje på!

Om du ser på framgangsmåten, så ser du at kransen er dobbelsidig, like fin på begge sider. Om du ikkje  vil lage den dobbel, så kan du bruke filt på baksida, og quilte kransen fast med små quiltesting. Sjå bildet.

Her eit anna innlegg frå sida Handcrafted Vintage som viser akkurat same figuren, men med meir tråkling av malane. I det øverste innlegget er malane festa med lim, så her kan du velje kva metode som passar deg.

Ingen kommentarer: