søndag 21. desember 2014

21. desembersydag!

4. søndag i advent og få dagar att av førjulsstria. Ein slik dag som i dag vert ofte brukt til å få på plass juletreet,......for ein plass må det komme frå!

Nokre gøymer det på loftet år etter år ( sjølvsagt plasttre då!!), nokre har eigen skog medan andre kjøper  sitt på lokale "juletretorg". Og kva slag tre skal ein velje? Eit tre er ikkje berre eit tre, her er det ulike tradisjonar og minner som skal vere med på valet.

Å legge ut berre eitt tre her, vert difor litt feil, så her kjem nokre ulike sortar som er å finne på nettet.
Ein enkel modell der du syr på stjerner før du vrangsyr det og fyller med litt vatt. Det ser ut som om nokre av stjernene er sydde tvers igjennom etterpå for å holde treet flatt.
Fint brodert tre som er applikert på ei bakside.
"Trekant-tre", enkle i forma, dei to fremdte er i teknikken "Flygande gjess". Desse kan du bruke enten til å pynte treet med, eller å bruke det som lapp på ei julegåve der mottakaren kan bruke det til juletrepynt etterpå!!

Det same kan du kanskje gjere med trea under her også, dei kjem frå den nederlandske bloggen Scraponique.
Ganske enkelt, men dekorativt er treet under !
Eller lag på lag i filt? Lekkert pynta med glasperler!

Her er eit ekstra fargerikt lite filttre! Dette vil nok barn like veldig godt!
Dongerystoff kan også brukast, og til akkurat dette treet ligg det ute mønster til på bloggen One crafty mumma.
Det finst eit hav av idear på Pinterest, lure søkeord er Christmas, quilted, ornaments!

Ingen kommentarer: