fredag 11. desember 2015

11. Desember

 Snømannpute, denne kan du lage som vanleg stor sofapute, eller lage som nålepute!
 Denne er nok meint som oppheng enten i juletre eller som enkel dekorasjon. Slike små sydde ting er også fine ha i juledekorasjonar som td. på ein krans på ei dør, hengande i ei grein med vrihassel eller i ein tradisjonell juleoppsats med bla. lys og blomster.

Ein enkel snømann som du kan bruke både til stitchery og som applikasjon. Om du ser på innlegget frå i går og frå 1.des, så er der ein lite mug-rug med snømann på. Denne modellen passar fint som motiv på desse.

Slike enkle snømannmotiv kan du finne ved søk på Google, kva du finn er avhengig av korleis du søkjer. Du finn også mest om du brukar engelske ord. Enkle motiv er gjerne laga for barn og det er mange sider der du kan skrive ut sider for fargelegging, søkjeord då er td. COLORING PAGES med namn på det motivet du søkjer. Du kan også bruke ordet PRINTABLES og namn på det du søkjer, då vi du finne sider som er meint for utskrift.

Husk også det tidlegare tipset om å kopiere bilde, lime inn i Word og "dra" i bildehjørna til ønska størrelse. Eit anna tips er også å ta bilde med telefonen, sende det til deg sjølv på epost og bruke det bildet til å lime inn i Word.

Så,......det er ingenting som hindrar deg i å finne fine motiv! Lykke til med dagens tips!

Ingen kommentarer: