søndag 13. desember 2015

13.Desember

Luciadagen!!

Då har sjølvsagt snømannen pynta seg til dagen, ..... i stor fare for å bli smelta ovanfrå og ned!!!


Denne figuren er ein "manipulert" snømann som de kanskje ser. Snømannen er frå ei fargeleggingsside, søkt med orda "colouring pages". Luciakruna er klipt ut frå ei "Lucia", limt på og fargelagt med blyant. Det kan du også gjere med fargestiftar på lerret om du syr det som stitchery.


Om du vil lage Lussekattar i dag, finn du Tine si opppskrift HER.

I går var det butikkbesøk hos Ingun på Primula Design, på leiting etter snømenn! Mønster på "Mysiga snøgubbar" hang godt synleg, eit nydelig mønster frå Solbritt og Maria.

Under her er det bilde av stoff som passar godt til eit snømannbilde! 
Butikken har søndagsope i dag, så det er berre å stikke innom og bli freista. Ingun sender også i posten om du treng om det!



 Mørkeblått stoff  med ulike motiv som sirklar eller stjerner blir flott bakgrunn til eit snømannbilde.



På butikken heng det også eit påbegynt teppe, AnnaKa sitt "Vintervenner".


Ein ferdig løpar med snømenn-stitcery, ...litt ulike personligheter her..... . Mønsteret er også frå AnnaKa.

Ingen kommentarer: