søndag 31. januar 2016

Februarmøte!

Tysdag 2. februar møtest vi att på Stokkenes Gjestegard kl 18.30.

Då startar vi opp med repetisjonar av bruken av linjalane våre, og på dette møtet er det linjalen "Storm at sea" som er temaet. Vi hadde linjalkurs i november 2012 der Ingun frå Primula Design var kursleiar.

Vi oppmodar alle som har sydd "Storm at sea" om å ta med seg til å vise fram, og er du ikkje ferdig med den, så passar det å fortsetje på den no.

Minner også om syhelg neste helg, då kan ein fortsetje med det ein evt. byrjar på no på møtet.


Namnet på linjalen er vel akkurat passande for årstida og siste dagars opplevingar her på Vestlandet med orkanen Tor, så no er det sikkert mange som er inspirerte av store bølger med kvite toppar!

Klubben har kjøpt inn denne linjalen, men vi ber om at alle som har ein slik linjal, tek den med på møtet.

Denne blokka er sett sammen av småblokker, her ser du dei:

Du treng å ha med deg til møtet:

  • Symaskin
  • Skjæreutstyr
  • Stoff, minst to fargar, tenk litt kontrast i fargane.
  • Remser med nøyaktig mål treng du ikkje kutte opp på førehand, men du treng eit mørkt og eit lyst stoff som er minst 6". Men ta gjerne med fleire fargar om du vil det!
  • Ta gjerne med deg fargeblyantar om du vil fargelegge deg eit mønster å sy etter. Husk då å skrive ut dei to malane du har fått på epost. (Har du ikkje fått den, må du etterlyse den hos hatlene@online.no)

Her er mange flotte quiltar med denne blokka, og det er fargevalet som lagar effekten:


Du kan sy mange flotte qultar av blokka, alt treng ikkje bli sengetepper! Du kan lage flotte veggoppheng slik du ser på den svarte over her og den lysegrøne lenger nede, eller men tre blokker kan du lage ein flott løpar!
......eller ei pute








Bilda er frå søk på google, der er uendelig mange bilder av slike quiltar om du vil sjå meir!!!

Denne blokka kan også syast utan linjalen, HER finn du ein framgangsmåte til denne blokka på bildet under.

Om du lurer på om du er matvert no eller seinare i vår, så står det liste på høgresida av bloggen. Same lista vart også sendt ut som epost frå Torunn 26.desember.

1 kommentar:

Tumlaren sa...

Oj vad många fina saker du har gjort med linjalen! Jag gillar den där med fyra hjärtan.