torsdag 24. mars 2016

Regionstreff!!!

Søndag 10. april arrangerer Førde Quiltelag regionstreff i Førde barneskule. Her finn du innlegget om treffet på bloggen deira.
Bildet er frå bloggen  til Førde Quiltelag.

Vi oppmodar alle som er interesserte i quilting om å ta turen til Førde denne dagen. Eit slikt arrangement er alltid ei god vitamininnsprøyting for oss som likar å styre med stoff og tråd. Her vert det utstilling, fleire butikkar med fristande stoff, modellar og utstyr, ......kan vi ønske oss meir??

Om du vil, kan du også melde deg på foredrag med Trine Bakke, ho driv Lappemakeriet og har skrive fleire bøker om søm og quilting. Gå inn på linkane og sjå mykje fint!!

Arrangementet er ope for alle, det vil seie at ein treng ikkje å være med i ein klubb for å delta, og bur ein utanfor fylket, så er dette eit fint høve til å sjå flott quilting i Sogn og Fjordane!!

Om du ser på invitasjonen så gjekk påmeldingsfristen ut 15. mars, men send ei epost til Turid Førde Solheim, tuf.so@hotmail.com, så er det nok plass til ein til!!!

Frå Eid er vi fleire som reiser, men oppmodar fleire av våre medlemmer til å støtte opp om Førde sitt arrangement!!

Klubben vår har arrangert Regionstreff før, sjå innlegg frå 2008 HER og frå 2014 HER.

Ingen kommentarer: