mandag 17. oktober 2016

Vi er der det skjer!

Denne veka opnar Nordfjord sitt største kjøpesenter, Amfi Nordfjord, på Nordfjordeid. Torsdag 20.10 opnar mange nye butikkar der og det blir stor aktivitet i heile kjøpesenteret.

Opp i alt dette så er vi så heldige å bli inviterte til å være med på "festivitasen"!! I eit ledig lokale vil vi være på plass frå opningsdagen med ulike aktivitetar. Det blir høve til å sjå kva vi held på med, det blir syaktivitet og sal av quiltar ved medlemmar i klubben. Om nokon lurer på korleis vi driv klubben og kanskje vil bli medlem, så er dette eit fint høve til å stikke innom desse dagane.

Til medlemmane våre; sjekk eposten dykkar, de har fått god info frå Synnøve om arrangementet, og har du noko å bidra med, så ta kontakt med Synnøve eller Siv!!

Dette blir kjekt å være midt i "smørauget" desse dagane, så møt opp den som kan!

OBS! OBS!
OPPDATERING 20.10:

Vi måtte desverre avlyse dette! Årsaka var at  lokala ikkje var klare til å innstallere oss i då vi hadde høve til det! Vi håpar at det lagar seg ein annan gong!

Ingen kommentarer: