onsdag 1. februar 2017

Kurs med Merete Ellingsen!

I slutten av januar hadde vi eit flott kurs med Merete Ellingsen. Det var stor deltaking på kurset, vel 20 stk, full sal med symaskiner og mange ivrige syersker. ..........og etter kvart mange svært fornøgde kursdeltakarar!




Temaet var "Quilting med linjal", ein teknikk som var heilt ny for dei fleste av kursdeltakarne. Merete var ein dyktig kursleiar med god erfaring frå eiga bedrift, Sy.no der ho og tek imot store tepper for quilting. Her på kurset viste ho forskjellige måtar å få fram fine mønster ved bruk av spesiallinjalar og mange tette saumar!

Nyt bilda frå kurset!!













Gode pausar med god mat gjorde nok godt innimellom full konsentrasjon over syarbeidet!!

Ingen kommentarer: