søndag 19. mars 2017

Årsmøtekurs v/Helle!

Vi har alltid eit helgakurs når vi har årsmøte, desse kursa vert alltid populære og fullteikna.

Kursleiar denne gongen var Helle Løwenskiold med kurstema "Bladteppe" og "Buggy Barn". 

Helle har halde kurs for oss fleire gongar, og ho skuffar aldri! Gladdama frå Oslo sprudla heile helga og strødde om seg med positive kommentarar og vi høyrde ofte: "Har dere det bra jenter??". Helga gjekk altfor fort, men slik er det når ein har det veldig kjekt! Takk Helle for eit flott og lærerikt kurs!
 Helle sine kursmodellar, "Bladblokka" er brukt både til løpar og til eit stort veggteppe.



 Detaljar frå teppet.

Vi fekk god innføring i å sy denne blokka, og Helle hadde laga ein montasje med "steg for steg" i arbeidet med bladblokka.

Vi starta med eit fast mål på stoffbitane, men deretter vart det litt meir "fritt fram", for her skulle vi kutte stoffa litt ulikt for å få fram dei varierte blada.


Med kvar sine fargeval i blada, så vart det veldig mykje flott å sjå etter kvart! Og det er akkurat dette som er så flott med kurs med mange deltakarar, då får du sjå same arbeidet i ulike fargeutgåver! Slikt er flott inspirasjon til kvarandre!






 Nyt alle flotte variantane under her!!


















Vi hadde også høve til å prøve Buggy Barn-blokka "Husteppe", Helle forklarte framgangsmåten og var til hjelp med å setje saman fargar.






På eit helgakurs i klubben vår lid vi inga nød i matvegen! 




Vi fekk god gryterett laga av ein kokk, og "kursengelen" la til rette med kaffi/te, dekka på og rydda opp og stilte med gode kaker. 

Kan vi ha det bedre då?? 
Gode syvenner, kjekk hobby og god mat....., no får vi sjå fram til neste kurs til hausten!!

Takk til alle som gjorde denne helga til ei flott helg!!

Ingen kommentarer: