søndag 5. mars 2017

Marsmøte!

Då ynskjer vi alle velkomne til eit interessant møte tysdag 7. mars kl 18.30-21.30.

På forige møte hadde vi tema "Meshwork" der Laila Brekke viste oss framgangsmåten. Vi fekk lære korleis ein lagar remser og fletting i ruter/lerretsteknikk på Rasterquick. Sjå bilder frå februarmøtet HER.

På dette møtet vil Laila fortsetje med teknikken, no skal vi få lære ein "skråteknikk" som kan brukast til å lage  mellom anna kuber som på bildet under her.
 Bilda her er Laila sine modellar.

Her er det brukt ein Rasterquick med skråruter til å flette på.

Dei som prøvde teknikken sist, kan førebu seg til møtet ved å lage til remser.

  • Ein skal bruke den same skråbandsbrettaren som sist, 12 mm. 
  • Du treng remser i tre ulike fargar, helst med litt kontrast i fargane for å få fram teknikken.
Av anna utstyr så ser du HER på lista som vart lagt ut på infoen for forige møte.

I 2007 hadde vi kurs med Mia Øhberg i denne teknikken, HER kan du sjå bilder frå kurset og få tips om fine samansetjingar av fargar.



Primula Design har no fått inn meir utstyr til dette, også Rasterquick, Ingun tek med på møtet! Truleg vil også Lappestua Eid ha med utstyr for sal.

Kasserer minner om at kontingenten for 2017 må være betalt før årsmøtet for å ha stemmerett, ho tek med liste på møtet over dei som ho manglar innbetaling frå. For dei som ikkje har betalt enno, så finn de info på bloggen her på feltet heilt til høgre på sida her under "Nyttig info".

Elles så vert det info om kurset vi skal ha med Helle Løwenskiold, det er fullteikna og vi gler oss til å lære teknikken "Bladteppe".

Om det er nokon som kjem på årsmøtet, men ikkje har meldt seg på lunsjen, så må dei kontakte Ingun på møtet.

Vi håpar at dei fleste vil ta del i å lære meir om Meshwork, så då møtest vi til ein lærerik kveld!
Velkomne!

Ingen kommentarer: