fredag 8. desember 2017

8. desember!

Dagens hjerte er dansk og bilda er frå butikken "Sy og Rens".


Dette er hjerter som det truleg er å få kjøpt mønster til, men dei har ikkje nettbutikk, så då lyt du ta turen dit ein gong??

Bilda er frå heimesida til butikken.

Som du ser så er desse to hjerta like i form og samansetjing av stoffbitar. Du kan bruke dei som inspirasjon, sy sammen passande stoff etter "crazy-quilt" metoden og tegne deg eit liknande hjerte og vrangsy det.

Storleiken på desse er litt uviss, står ikkje noko om det på sida til butikken, men det kan sjå ut som dei er store og kan brukast til duk!! Så kanskje du no kan bli inspirert til å lage deg ein heilt annleis duk enn du har frå før??

Du kan også lage det så lite at du kan bruke det til Mug-rug eller til ein fin dørdekorasjon! Dette kan bli eit spennande og kreativt prosjekt, så om du lagar  eit slikt hjerte, hadde det vore fint om du la inn bilde på kommentarfeltet på Facebooksida vår!

Hjerteleg lykke til!!

Ingen kommentarer: