tirsdag 23. januar 2018

Det nærmar seg årsmøte med kurs!!!

Om vel ein månad er det årsmøte i klubben vår,  i år laurdag 24.februar på Stokkenes Gjestegard, Nordfjordeid, kl 10.00.

I den samanheng minner vi om fristen for å levere inn saker, den er snart: laurdag 27. januar!!

Alle har fått tilsendt info om årsmøtet på epost, dato 3.1.18, nokre pr post.

Også iår inviterer til vi til årsmøtelunsj etterpå.
Lunsjen vert ca. kl 12, også på Stokkenes, før årsmøtekurset startar ca kl 13.
Påmelding til årsmøtelunsjen på medlemsmøtet 6. februar 

Som vanleg arrangerer vi kurs denne helga vi har årsmøte, i år har vi fått Nina Strandsplads frå Oppegård til å lære oss spennande teknikkar! Ho er ny for oss, men er ein stadig meir brukt kursholder, skal ma. ha kurs under årsmøtet til Norsk Quilteforbund no i vår.

Kurset startar fredag med 3 t etter kl 18, fortset laurdag kl 13 og utover og heile søndag. Nøyaktige tider vil du få ved påmelding, og som vanleg vil du få tilsendt materialliste før kursstart.

Ein av teknikkane som vi skal få lære er "Buede stjerner".



Bildet under her viser noko av det som er laga av ulike kursdeltakarar.



Bilda er henta frå bloggen hennar,  Garnglede og sømfryd! Gå inn og sjå fleire bilder der!!

Vi gleder oss til eit kjekt kurs, påmelding til både kurs og årsmøtelunsj er på neste medlemsmøte 6. februar. 

Om du ikkje kan møte då, så er det fint om du kan sende påmelding til kurset til Ingun, vær tydelig i påmeldinga og be om stadfesting så du veit at du har fått plass. Gjer merksam på at påmeldinga no er bindande for kurset!

Ingen kommentarer: