søndag 4. februar 2018

Velkommen til februarmøte!

Det er tid for nytt treff i klubben vår, februarmøtet vert tysdag 6. februar på Stokkenes Gjestegard kl 18.30-21.30.

På møtet denne gongen skal vi ha ein kjekk aktivitet:

Vi skal sy oss ein liten bosspose som er kjekk å ha med seg på kurs/sysamlingar ol., Haldis vil vise oss korleis vi lagar denne!


Den er liten og nett når den er "samanslått", ser nesten ut som eit lite smykke! Likevel er den stor nok når den poppar opp!!!


Dette treng du å ta med deg:

  • Sjølve ramma er laga av ein Pringlesboks, så om du har ein tom, tek du den med! (Elles så har vi nokre boksar som vi tek med!)
  • Papirsaks
  • Ein liten stiv pappbit og ein vattbit, ca10 x10 cm
  • Stoff til posen, det cår ca 20 x 30 cm.
  • Vanlege sysaker.
Det skal syast ein liten saum med symaskin, vi tek med maskin som de kan låne. Resten er handsaum!
 
Anna info om møtet:

  • Det vert info frå komiteane til Regionstreffet  2018 (vi arrangerer treff 8. april i Operahuset Nordfjord).
  • Vis og fortel: Håpar at vi får sjå mange flotte arbeid som de har tenkt å ha med på utstillinga vår på Regionstreffet.
  • Ei lita ny oppfordring om å ta med deg: Har du ein MUG RUG du har laga eller fått, ta den med så lagar vi ei lita utstilling i lokalet vårt!
  • Lotteri

Velkommen til eit triveleg møte i lag med oss, 
her deler vi gode tips og erfaringar og tek småprat over ein kopp kaffi når det lir ut på kvelden!






Ingen kommentarer: